Gje barnet ditt ein god start gjennom kultur

SØKNAD TIL SKULEÅRET 2024/2025

Vi i Kinn kulturskule er i gang å planlegge nytt skuleår for 2024/2025. Vi har i år følgande fristar:
-Er du elev og vil fortsette som før? -Du treng ikkje gjere noko. Elevplassen er då bindande.
-Vil du endre noko? -Logg inn! Frist for reregistrering/utmelding: søndag 26. mai. 
-Frist for nye søkarar: -søndag 9. juni  (Dette er arbeidsfrist. Ein kan likevel søke fortløpande).

Ved endring, gå til www.kinnkulturskule og trykk "Logg inn på SpeedAdmin ". 
Er du ny elev og ikkje registrert, gå til www.kinnkulturskule og trykk "Ny søkar ".

Vi har dyktige og godt utdanna lærarar som undervise i nivå frå nybegynnarar til vidarekomne innan dei estetiske faga.

Alle er velkommen til å søke elevplass i kulturskulen fortløpande, heile året. Både barn og vaksne kan søke, men barn og ungdom vert prioritert først. 
Kulturskulen er for alle som vil. I tilfelle der økonomi er ei utfordring for å kunne delta, har vi eit godt samarbeid med "Frivilligsentralen". Der kan ein søke støtte for å delta på 1 aktivitet pr elev. (Gjeld barn og ungdom).
Frivilligsentralen avd Florø
Frivilligsentralen avd Måløy

Ny søkar Logg inn

I Måløy torsdag  21. mars kl 18:00
i amfiet på VUS.

I Florø fredag 19. april kl 18:00
i kinosalen på kulturhuset

Ledig plass på Visuell kunst i Måløy

Måndag 14:30 - 16:00:  7-9 år
Måndag 16:15 – 17:45:  9-12 år
Onsdag 16:30 - 18:00:  12 år +

Les meir

Nytt

Nytt i Florø:
-Visuell kunst med Yana Putria
-Slagverk og gitar med Benjamin Synnevåg Sagebø
-Pianoundervisning med pianist Sivert Blindheim
-Vokalundervisning med Jorunn Bakke Nydal
-Fleire elevplassar på dans.

Nytt i Måløy:
-Vokal og saxofonundervisning med Laila Beathe Førde.
-Visuell kunst med Bjørn Olav Venø. Foto, video, animasjon, maling, teikning, skulptur, land art, publikasjon, perfomance kunst. 
-Kulturbarnehage med Lisbeth Våge og Ivan Smilovski
-Fleire plassar på messinginstrument med Lisbeth Våge

Florø: 
piano, fiolin, cello, trekkspill, saxofon, klarinett, gitar, slagverk, band, instrumentsafari, musikkteori, kunst, dans, kultur- og instrumentbarnehage  m.m.

Måløy: 
vokal, fiolin, cello, piano, gitar, slagverk, messinginstrument, saxofon, kulturbarnehage og kunst. Vi har planar om å tilby dans i Måløy og tek difor gjerne i mot søknader på dans.

Oppdag kulturskulen

Norsk kulturskoleråd har lagd kortfilmen "Oppdag kulturskulen". Den er teksta på 12 språk, inkl Ukrainsk.

Kom til kulturskulen og leit etter dine draumar!

Utdanningsdirektoratet har lagd ein eigen animasjonsfilm om den norske kulturskulen på heile 7 språk. Link til Udir si side med alle filmane.