OPPDATERT!
UKM 2021 i Kinn kommune

I Kinn kommune er det kulturavdelinga v/ ungdomsleiar Carina Takle-Hillersøy som arrangerer UKM.

På grunn av at coronasituasjonen i kommunen fortsatt er ustabil, må vi gjere nokre endringar i korleis vi organiserer UKM Kinn i år. Vi har valt å dele den lokale festivalen i to. Sånn at Måløy og Florø gjennomfører kvar for seg
Kinn kulturskule
oppmoder alle våre elevar mellom 13 og 19 år til å melde seg på.

For meir info og påmelding: https://ukm.no/kinn/

Oppdatert informasjon 09.02.2021

På grunn av at coronasituasjonen i kommunen fortsatt er ustabil, må vi gjere nokre endringar i korleis vi organiserer UKM Kinn i år.

Vi har valt å dele den lokale festivalen i to. Sånn at Måløy og Florø gjennomfører kvar for seg.


I Måløy blir sceneinnslaga gjennomført i Samfunnshallen same dag som før, 6 mars. Utstilling vil bli hengt opp på biblioteket med opning fredag 5. mars, og den vil henge i 2 veker, sånn at fleire får moglegheit til å gå inn og sjå alt det flotte ungdommane har laga. Det vil sei at born og unge som ønsker å delta på UKM ikkje lengre treng å reise til Florø for å vere med. Vi håpar at dette skal gjere at fleire melder seg på, då vi veit at fleire vegrar seg på å reise i desse tider.


For Florø (og Eikefjord) blir det mykje det same som tidlegare. Same dato og stad gjeld, 6 mars på Florø kulturhus. Det er mogleg vi kjem til å flytte litt på tidspunkta då vi ikkje lengre treng å tilpasse arrangementet til båten frå Måløy. Dette sender vi ut informasjon om når det nærmar seg. Kunstutstillinga vil henge i foajeen, og vi ønsker at den også her skal henge oppe i 2 veker.


Sjølv om vi vel å dele den lokale festivalen i 2 får vi ikkje sende dobbelt så mange, så vi vel å dele kvoten i to. Dessverre er det færre enn vanleg som går vidare i år, då det ikkje blir vanleg Fylkesfestival, men ein omreisande «Tv-produksjon». Dei har dessverre ikkje kapasitet til å filme mange innslag i kvar kommune. Vi i Kinn UKM skal likevel gjere vårt beste for at det skal vere kjekt for ungdommane å vere med. Vi kjem til å ha skikkeleg bra lyd og lys begge stader, og gjer det til eit kjekt og spanande arrangement å vere med på, uansett om ein blir valt ut til å representere kommunen i fylkesfestivalen eller ikkje.


Det er allereie ein del som har meldt seg på, men vi håpar at de oppfordrar ungdommane til å delta, så vi får ein skikkeleg flott festival i år også. Ungdommane treng noko positivt å sjå fram til, og delta på i desse tider. Påmeldingsfristen er som før, 22. februar.

Informasjon om UKM 2021 i Kinn kommune

Dato: Laurdag 6. mars
Stad: Florø Kulturhus

Påmeldinga er allereie open, så det er berre å melde seg på.
Vi har sett fristen for påmelding til 22. februar for artistar og kunstnarar, og 1.februar for arrangørar og konferansierar.
Om nokon av ein eller anna grunn ikkje rekk fristen så kan de ta kontakt med ungdomsleiar i Kinn kommune Carina Takle-Hillersøy, så ser vi kva vi klarar å ordne, men på grunn av koronarestriksjonar og bestilling av båtbillettar er det viktig at vi får påmeldingane innan fristen.

Vi jobbar fortsatt med tidsplanen men reknar med den blir omtrent sånn:
Lydprøver frå ca. kl. 10:00-14:00
Utstilling kl.14:00
Sceneinnslag kl. 15:00-17:00

Reise frå Måløy: Deltakarane tar båten frå Måløy kl. 07:20, mest sannsynleg reiser Anne Grethe Strand saman med dei.
UKM skal vere ferdig sånn at deltakarene frå Måløy rekk båten heim kl. 17:35.

Det blir ikkje vanleg fylkesmønstring i år, men nokre innslag blir plukka ut, og så vil det bli ei digital fylkesmønstring der innslaga blir presentert.
Det er litt usikkert korleis dette blir gjennomført, det er fortsatt under planlegging.

Nytt i år er at vi vil streame UKM Kinn, sånn at tilskodarane kan sitte heime og sjå showet om dei ønsker det.

Som med alt anna, må vi sjå an smittesituasjonen og restriksjonar når det nærmar seg, men vi håpar vi skal få gjennomført UKM som planlagt.

Helsing
Carina Takle-Hillersøy
Kinn kommune, ungdomsleiar