FRISTAR FOR NYTT SKULEÅR

Vi i Kinn kulturskule er i gang å planlegge nytt skuleår for 2021/2022. Vi har i år følgande fristar:

  • Er du elev og vil fortsette som før? Du treng ikkje gjere noko.
  • Vil du endre noko? Logg inn! Frist for reregistrering/utmelding: onsdag 26. mai.
  • Frist for nye søkarar: Ein kan søke fortløpande heile året, men det er lurt å være tidleg ute.

Alle er velkommen til å søke elevplass i kulturskulen fortløpande, heile året. Både barn og vaksne kan søke, men barn og ungdom vert prioritert først. 
Kulturskulen er for alle som vil. I tilfelle der økonomi er ei utfordring for å kunne delta, har vi eit godt samarbeid med "Frivilligsentralen". Der kan ein søke støtte for å delta på 1 aktivitet pr elev. (Gjeld barn og ungdom).

Kinn kulturskule  har mange flotte tilbod til både barn, ungdom, vaksne og pensjonistar.