Pianoundervisning med Piano Maestro og Ipad

Den 1. november 2019 skreiv Firdaposten om opplæring i piano med hjelpemiddel som Ipad og Piano Maestro. Nokre av pianolærarane i Kinn kulturskule har kunne gitt dette tilbodet ei stund, deriblant Geir Åge Hovland. 

Eleven spelar saman med appen på Ipaden, samtidig som appen lytter til event feil. Eleven og læraren får tilbakemelding på kva som må rettast og læraren kan sjå kor mykje eleven har spelt sidan sist time. Dette er ei alternativ undervisning som også motiverar elevane til å spele meir. 

Sjå Firdaposten sin artikkel om Petter (9) og Piano Maestro her:"
" Ipad og app gjorde Petter (9) til ein piano maestro".