30 ÅR

Vi har gått ein lang veg frå starten i 1988 og fram til i dag. Tusenvis av elevar har vore innom og fleire av desse har i dag kunst og kultur som sitt levebrød. Men for dei aller fleste har kulturskulen vore ein frisk pust der dei har lært seg å danse, male, synge eller spele eit instrument. Denne kunnskapen har dei med seg resten av livet.

Det har vore utallege kunstutstillingar, danseshow, konsertar og store temaforestillingar. Elevane har fått prøve seg både foran, på og bak scena. Når vi spør elevane våre om kva som er det gøyaste med å gå på kulturskulen så er svaret nesten alltid det same, nemlig samspel og det å gjere noko positivt saman med andre kulturinteresserte ungdommar.