Florø storband på Tapas Bar Burgers 16. mai.


På sjølvaste bursdagen til Florø by, torsdag 16. mai kl 20:00 skal Florø storband holde konsert på Tapas Bar Burgers (tidlegare Hagen). Konserten vil foregå ute, men godt og lunt under tak.

Konserten er ein del av kulturskulen sin sommerfestival. I tillegg er dette eit godt samarbeid mellom den nye uteplassen Tapas Bar Burgers og Flora kulturskule, der storbandet står for musikken og Tapas Bar Burgers står for mat og drikke.

Denne gongen har Florø storband med solistane Vebjørn Leite Olsen, og David Antonsen.

Storbandet stiller med kjende og klassiske gromlåtar som er skrive for bla Michael Buble og Frank Sinatra. I tillegg har vi øvd inn ein del nye låtar no i vårsemesteret.

Marker Florø by sin 159-års bursdag med god storbandmusikk på Tapas Bar Burgers!