Vokal

Vi tilbyr individuelt tilpassa opplæring i song. Vi prioriterer barn og ungdom men vaksne kan og søkje. 

Å synge gjer godt for kropp og sjel, du opplever glede og meistring.

Som elev får du utvikle din eigen stemme gjennom tekniske øvingar innan ulike sjangrar, utvikle kreativitet og sjølvstende, lære om stemmefysiologi, jobbe med pust og holdning, og forståiing for fag

Lokale læreplanar Søk plass på vokal i Florø Søk plass på vokal i Måløy

Undervisninga startar med å bli kjend med eigen stemme. Kvar stemme er unik. Eigenutvikling er viktig i arbeid med vokal og at du måler deg ut frå dine eigne føresetnader og ikkje andre sin. 

Vi ynskjer at dei skal utvikle stemmen gjennom ferdigheiter i stemmebruk, opplæring i musikkteori, stemmomfang, dynamikk og klangfarge. Eleven skal utvikle eige personleg uttrykk og kunne jobbe sjølvstendig 

Eleven skal få skape, utøve, reflektere, lytte og formidle. Dette skjer gjennom blant anna gjennom ulike konsertar. Dette kan gjerne vere i ei gruppe eller som solo. Opptreden er frivillig. 
Kinn kulturskule skal vere ein arena for sosialt møteplass og vi legg vekt på å skape tryggleik og tillit for eleven.